Torsdag 17. juni har ”Queen Mary 2” besøkt Nordfjord for første gong. Dette er det største turistskipet som nokon gong har segla inn Nordfjord.
Superskipet gjekk inn fjorden natt til torsdag, og passerte Klovningen 04.15. Den la til kai i Olden klokka 08.00.
Den forlet hamna kl 18:00 og set kursen ut fjorden. Skipet brukar 3-4 timar ut Nordfjord.
Skipet blir kalla dronninga blant alle cruiseskip.
”Queen Mary 2” er eit av dei mest storslagne cruiseskip som nokon sinne er bygd.
I 2003 var det verdas største. Seinare har dei endå større «Freedom of the Seas» og «Oasis of the Seas» kome til.
Detaljane på skipet har preg av farne tider, samtidig som skipet er eit av dei mest moderne.