Politikarane i Bremanger og Vågsøy går inn for å legge ned det interkommunale selskapet Kystvegutvikling AS.

Flora kommune, som har vore ein av medeigarane, er allereie ute av selskapet.

Selskapet vart etablert på midten av 80-talet. Målet var få fortgang i planane om fastlandssamband til ytre Bremanger, veg Bortne-Langesi mot Svelgen og bru over Nordfjord.

Selskapet har mykje av æra for at første del av fastlandssambandet til Bremanger vart bygd, og at no Bremangersambandet2 er starta.

Aksjonærer har vore kommunane Bremanger, Flora, Vågsøy, Vanylven, Sande, Herøy og ein del private.

Siv. ing. Ragnar Hagen har vore innleigd dagleg leiar.

Det stod meir om dette i papirutgåva fredag 4. juni.