Grunnen til dette er at det er brot i dei sentrale forhandlingane mellom Mediebedriftenes Landsforbund (MBL), som er avisene sin organisasjon, og Fellesforbundet (FF) for aviser og avistrykkeri der grafisk personale i dei fleste avisene og avistrykkeria er organiserte.
Tysdag 1. juni starta partane mekling. Fristen for meklinga går ut onsdag 2. juni klokka 24.00. Blir ikkje partane samde så blir det streik frå og med torsdag, eller når meklinga blir avslutta utan resultat.
Streiken vil i så fall råke 132 medlemsbedrifter og 1.716 organiserte.
Redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge håpar partane vert samde, og at det ikkje blir noko arbeidskonflikt og streik. Men blir det streik, kan det bety at det blir vanskeleg å få produsert og trykt papiravisa og den elektroniske pdf-avisa under ein streik.
Dette kan gå utover avisa allereie fredag. Dei som kan hamner i streik jobbar med utforming av avisene og produksjon av annonsar. Ein streik vil også redusere kapasiteten i trykkeriet som Fjordenes Tidende brukar.
- Det er sjølvsagt ein situasjon vi ikkje ynskjer. Men blir det streik må halde oss til at det er ein lovleg aksjon, seier Wåge.
Han seier Fjordenes Tidende si nettavis, fjt.no, vil bli oppdatert under ein eventuell konflikt, og det vil vere ein del annonsar der. Alle dei største avisene her i fylket, samt regions- og riksavisene her i fylket vil bli råka av ein streik.