Etter klarsignal frå grunneigarar ved Stokkenes golfpark i Eid pakkar no Terje Hamre og Måløy Disc Golf saman bana på Moldøen og flyttar.

– No har vi kome så langt i prosessen i Eid at det blir bane der no, uansett kva som skjer i Måløy, fortset Hamre.

Gir ikkje opp

Hamre har i det lengste hatt håpet om at Fylkesmannen skulle snu i saka, men vel no å demontere bana og flytte før sesongen kjem i gang for fullt. Han gir likevel ikkje heilt opp.

Det var etter at den nye forvaltningsplanen for friluftsområdet Moldøen kom, som hindrar klubben å ha installasjonar på den delen av øya som er definert som «buffersone» rundt bustadtomter og nokre krigsminne, at Måløy Disc Golf byrja leite etter alternative stader å ha bana. Om Fylkesmannen skulle snu i saka, vil det bli baner på begge stader.

– Då blir det til at vi etablerer ei ny bane i Eid.

Turneringar

Det er Måløy Disc Golf som vil stå for drifta av bana i Eid, som Hamre trur vil kunne opne i løpet av mai månad.

Klubben skal likevel delta på turnstemnet i Måløy i april, og i tillegg på Måløydagene. Måløyraidet, turneringa klubben har arrangert på Måløydagene, blir no i Eid.

– Ja, i hovudsak. Det vil jo bli show på Torget og kanskje litt ute på øyna, men hovudturneringa blir spelt i Eid, seier Hamre.

– Det vil skje ting både i Eid og Måløy, men det meste av discgolfen vil bli der inne.

Positive ringverknader

Måløy Disc Golf har rundt 60 medlemmer, der kring 10 er aktive. Hamre trur at ved oppretting av ei ny bane vil fleire folk kome til.

– Det er det ikkje tvil om. Der er store klubbar i Ålesund og Volda, og ein får no mykje kortare veg til Eid enn Måløy. Det gjer at ein kan møtest oftare og køyre meir samarbeid. Eg trur at denne utviklinga vi no får, er positiv for sporten i distriktet. Og så håpar vi å behalde bana i Måløy også, berre Fylkesmannen snur. Det er ingen skam å snu, smiler Hamre.