Tysdag ettermiddag skjedde det igjen. Eit utanlandsk vogntog stod fast og sperra deler av vegen.
Det skjedde på Fylkesveg 614 i Magnhildskaret sør for Svelgen i Bremanger.
Vegen var stengd ei stund for større køyrety.
Politiet rykte ut, og den utanlandske sjåføren fekk seg ei klekkeleg bot på 7.000 kroner for at vogntoget ikkje var godt nok skodd for vinterføre.