Ein trailersjåfør mista førarkortet etter at han dundra inn i ein fartskontroll i 50-sonen på E 39 ved Eid tysdag ettermiddag.

Farten på vogntoget vart målt til heile 86 kilometer i timen, og dermed rauk både jobben og førarkortet.

Ein annan bilførar av ein personbil vart målt til 84 kilometer i timen i 50-sonen. Også han mista førarkortet og kan vente seg ei bot.

Det vart i tillegg skrive ut 6 forenkla førelegg for fart mellom 67 til 73 kilometer i timen.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende