Eit lynnedslag førte for nokre veker sidan til at Fjordenes Tidende sitt webkamera på Måløybrua vart sett ut av spel.

No er eit nytt kamera på plass. Dette betyr at du igjen kan følge med på vindstyrken på brua direkte.

Du kan også laste ned appen Vindvarsler og ha informasjonen lett tilgjengeleg på telefonen din.

På denne nettsida kan du også sjå direktebilete frå Måløy, Kråkenes, Vestkapp, Nordfjordeid og Hjortefarmen på Nave.