– Det er funne ein båt drivande i sjøen ved Rundereim. Det er ikkje noko registreringsnummer på båten. Båten blir beskriven som «Lasse 15 SL», opplyser Vest politidistrikt søndag morgon.

Båten er kvit med aluminiumsrekkverk på topp. Det skal vere påmontert ein 8-hestar påhengsmotor.

– Politiet ber om tilbakemelding dersom nokon eig denne, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

– Båten er dratt inn til land. Vi ber eigar eller nokon som kjenner til eigar kontakte Hovudredningssentralen, seier redningsleiar ved HRS Sør-Norge.