Hovudutval for samferdsle vedtok tysdag at fylkeskommunen skal vere med i spleiselaget som har vore skissert for å betre strekninga Kalvåg-Klubben på fylkesveg 616 i Ytre Bremanger.

I budsjett 2016 set fylkeskommunen av inntil to millionar kroner til prosjektet:

"Hovudutval for samferdsle set av inntil 2 mill. kr av løyvinga til vedlikehaldstiltak på fylkesvegnettet til eit spleiselag for utbetring av fv. 616 Kalvåg-Klubben. Det vert føresett at kommunen og næringslivet kvar stiller med tilsvarande løyvingar.", kan ein lese i møteboka.

Fylkeskommunen ved vegdirektør Velaug Veum har tidlegare signalisert at eit slikt spleiselag kunne vere ei god løysing for dei.

Bremanger kommune stiller med sin del, og Svein Inge Fosse ved Knutholmen i Kalvåg har personleg garantert at han skal klare å samle inn 2 millioner kroner til prosjektet. No er det berre å starte den jobben.

Planen er å bruke dei rundt 6 millionane ein no snart har til å lage gode møteplassar, utvide svingar og rydde skog og anna langs vegen for å betre sikta. Gunnar Ytrehus i Bremanger kommune har skissert korleis ein kan løyse dei verste utfordringane langs vegen.

Vegen er kjend for å vere ein flaskehals ettersom den blir trafikkert av store vogntog som lett køyrer seg fast på vinterføre og sperrer vegen for alle andre.