Styreleiar Stein Bjørhovde har stilt plassen sin til disposisjon i fleire år, men skisenteret har ikkje lukkast i å finne ein erstattar.

Bjørhovde seier han er innstilt på å gå av, men ingen er klar til å ta over. Samstundes erkjenner styreleiaren at årevis med trang økonomi, mykje dugnadsverksemd og iherdig jobbing med å utvikle senteret, har ført til slitasje i miljøet.

Sjølv om det skjer positive ting i hyttefeltet på Harpefossen, der ei jamn utbygging sørgjer for stadig auka kundegrunnlag, har det vore tilnærma full stopp i sal av nye tomter siste tida.

Bjørhovde meiner det skuldast eigedomsskatt. Skisenteret får 10 prosent av inntekta ved tomtesal, på det meste har denne summen vore opp i 500.000 kroner. I fjor var han på 37.000 kroner.