– Vi har lagt opp til ein ekte oktoberfest. Det blir tysk mat og tysk musikk, og så har vi laga hefte og håpar å få med oss gjestene på allsong, forklarar leiar Reidun Nygård Aasebø i koret Vestavind.
I tillegg til korsong blir det livemusikk frå «Tre rustne herrer». Damene har aldri arrangert oktoberfest før, men dei har budd seg sidan ideen kom opp på eit styremøte i februar.
– Vi var alle einige om at vi ville prøve å få til noko nytt. Oktoberfest passar for alle som vil ha det kjekt, seier leiaren.
Ho veit allereie at det kjem folk frå Raudeberg og Eid.
– Vi har plass til opp mot 400 personar, og har rekna mat til 300. Kjem det så mange så skal vi vere fornøgde.
Nygård Aasebø trur oktoberfesten kan bli ein tradisjon.
– I første omgang er dette noko vi prøver ut. Dei har oktoberfestar i Stryn og på Raudeberg, men vi trur det er behov for ein på Bryggja også!