Ein liten gard midt i sentrum og skodespelarar i rolla som fiskarbonden og kona er noko av det som vil skje på Kalvåg kystfestival i august i år.

Programkomiteen tenkjer i år nytt med eit levande tema kring fiskarbonden og ein liten gard sett opp i sentrum av Kalvåg i samband med Kalvåg kystfestival 4.–6. august.

– Mange dreiv jordbruk samtidig som dei var på fiske. Og dette med korleis folk levde her før, skal vi prøve å synleggjere på ein litt aktiv måte, seier festivalsjef Arvid Langeland.

– Vi skal prøve å få inn nokon som kan kle seg ut og vere dette ekteparet som bur på gardsflekken, supplerer han.

Ligg ved hovudvegen

Garden skal bli plassert i ein stor hage som komiteen har fått lov til å bruke. Hagen ligg i Kalvåg sentrum ved hovudvegen ved Knutholmen og Amtskaia,

– Denne skal vi gjerde inne og så skal vi ha nokre dyr der, gris og høner, seier han.

Fiskarbonde-temaet vil bli gjennomgåande heile helga, og også festivalkoret under leiing av Grete Berntzen vil bruke dette temaet under festivalshowet dei skal ha på Amtskaia.

I år vil komiteen også vidareutvikle visingssenteret i Frøyenhuset og lage meir levande utstillingar.

– Det skal ikkje vere eit museum, men eit senter der det skal vere folk som jobbar med å bøte garn, seise kuler og vise fram eit levande miljø som er knytt til temaet fiskarbonden, seier Langeland.

Underhaldning

Eit populært innslag under festivalen har vore Rorbua i Frøyenhuset fredag kveld.

– Den skal ikkje føregå for lenge og så blir det slik at det passar med dans på Knutholmen. Det skal vere underhaldning der folk kan slappe av med song og musikk, historier og humor. Ein kan varme opp med song på rorbua, og så kan ein gå på dans etterpå og bruke føtene også, smiler Langeland.

Det er kystlaget i samarbeid med Knutholmen som arrangerer kystfestivalen. Tradisjonen tru vil kystlaget selje tørka sild, og ein gjentek suksessen i fjor med sal av sosekjøt og sviskekompott. Kaiområdet vil elles fyllast opp med lokale leverandørar, mat, teiner og reiskapar.

– Då får ein heile miljøet med mat og reiskapar, det som er sjølve innhaldet i festivalen.

Kystlaget stiller også med båtane sine, og vil invitere omkringliggande kystlag til Kalvåg med båtane sine.

– Vi er ikkje kome dit at vi har planlagt kva vi skal bruke båtane til, men vi kjem sikkert til å ha rokonkurranse på hamna, som tidlegare, seier Langeland.

Ein stor dugnad

Langeland anslår at det er kring 30 personar frå kystlaget som i løpet av våren er i sving med planlegginga og rundt 50–60 frivillige som stiller opp under helga.

– Vi har ikkje problem med å få folk til å stille, folk er veldig positive. Seier dei nei, så har dei ein god grunn. Og det er ikkje berre medlemmar som stiller, men mange andre og spesielt dei som bur i Kalvåg, avsluttar Langeland.