Bergens Tidende skriv at USA har gjort slike framstøyt overfor fleire land. USAs tryggingsminister Alejandro Mayorkas ønskjer å få på plass avtalane før 2026.

USA krev å få full tilgang til norske politidatabasar for å kunne sjekke ut folk som reiser visumfritt og fyller ut eit ESTA-skjema.

Til gjengjeld skal Noreg få søke i USAs tryggingsdepartements databasar. Justisdepartementet opplyser til BT at dei ønskjer eit samarbeid med USA for å hindre at kriminelle eller folk som er ein tryggingsrisiko dreg mellom landa.

Politidirektoratet skriv derimot i eit notat at dei nye krava frå USA betyr meir automatiserte søk. Det kan vere utfordrande med tanke på dagens regelverk, skriv dei.