– På grunn av straumbrotet virker ikkje vindtavlene og bommen. Då straumen gjekk var vindstyrken slik at bommen var nede. Vi har tilkalla to vakter frå entreprenørsida som er på veg for å dirigere trafikken frå kvar si side, opplyser trafikkoperatør Albert Sherington i vegtrafikksentralen til Fjordenes Tidende.

Fjordenes Tidende har fått telefonar frå innbyggarar som lurer på korleis dei skal forhalde seg til bommen som er nede. Nokre sjåførar køyrer over brua, andre har stått lenge og venta.

– Eg kan ikkje seie at dei skal køyre over. Dei må vente på vaktene, opplyser trafikkoperatøren.

Her kan du følge med på vinden på brua.

Litt etter klokka 22 var vaktene på plass for å dirigere.

Vegtrafikksentralen vest opplyser om at vakter kjem for å dirigere trafikken over Måløybrua. Foto: Skjermdump webkamera

Sherington seier også at trafikantane må vere førebudd på at vinden kjem til å vere sterk utover kvelden og natta.

– No har vi også sendt ut melding om at trafikantane på Strynefjellet må vere førebudd på sterk sidevind gjennom natta, så det er verdt å ta med seg, seier han.

Det gjelder på strekninga gjennom Breidalen på rv. 15 Strynefjellet.

Ei vakt er på plass på kvar sida av Måløybrua. Foto: Kjellrun Åsebø