Det vil gå eitt heilt år til før folk får sjå Madcon-videoen frå Bremanger, men Madcon sin manager Peter Peters avkrefter at det er nokon form for dramatikk i dette.

– Dette er berre positivt. Vi gjer det større enn planlagt, seier han til Fjordenes Tidende, og fortel at singelen All I do no skal vere dei av Madcon sitt internasjonale album som skal lanserast i 2013.

Peter Peters medgir at forseinkingar i etterproduksjonen var grunnen til at videoen ikkje kom ut rett etter innspeling, men ser no det positive i at videoen får lansering i ein mykje større, internasjonal samanheng neste sommar.

– I utgangspunktet var dette eit avansert, ambisiøst prosjekt og ein stor shoot. Og målet var å klemme ut ein video på slutten av albumsyklusen vår i Norge den sommaren, men ting tok tid. Det var mykje film, mange spesialeffektar og alt etterarbeidet gjorde at det blei forseinka. Slikt skjer, seier Peters.

Dei bestemte seg for å la vere å lansere videoen ved juletider 2011 ettersom jula er kjend for å vere eit dårleg tidspunkt for plateslepp.

Heile saka står i papirutgåva fredag 24. august.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende