Hovudutval for plan og næring i Sogn og Fjordane tildelte 1. februar 9 mill. kr. til dei fem kommunane Stryn, Askvoll, Høyanger, Vågsøy og Hyllestad. Dette er midlar som skal bidra til å løyse dei ekstraordinære omstillingsutfordringane kommunane har.
– Ekstraordinær innsatsen i form av omstillingsstatus med midlar og kompetanse frå fylkeskommunen har synt seg svært vellukka. Til sjuande og sist er det likevel kommunane som må dra lasset, og det er heilt avgjerande med prioritering og forankring i omstillingskommunen, poengterte utvalsleiar Kjartan Longva (Ap) i hovudutvalsmøte 1. februar.
Dei 9 millionane, som hovudutval for plan og næring no løyver, vert fordelte slik:
Askvoll kommune kr 800 000
Høyanger kommune kr 1 800 000
Vågsøy kommune kr 3 250 000
Hyllestad kommune kr 1 950 000
Stryn kommune kr 1 200 000
Vågsøy, Hyllestad og Høyanger har omstillingsstatus ut 2011. Vågsøy er inne i sitt 6. og siste omstillingsår.
Hyllestad er inne i sin fyrste toårsperiode med omstillingsstatus, men fylkeskommunen har også før det ytt tilskot til eit utviklings - og omstillingsprosjekt i kommunen. Høyanger fekk, som fyrste tilfelle i Sogn og Fjordane, omstillingsstatus ut over 6-års perioden, noko som berre unntaksvis skjer, og som hadde bakgrunn i Fundo-konkursen.
Stryn kommune får omstillingsmidlar til gjennomføring av eit utviklingsprogram, og har utvikla ein toårig prosjektplan som eit godt verktøy i høve dei utfordringane kommunen står overfor. Utfordringane er relatert til omstruktureringa ved tidlegare Vest Buss Industri, men også andre einingar i næringslivet. Stryn kommune er i gang med konkrete tiltak for å skape ny aktivitet.
Askvoll kommune fekk i februar 2010 omstillingsstatus for eitt år for å greie ut og få på plass ein eigna omstillingsorganisasjon. Arbeidet kom i gang mot slutten av året, og kommunen har no fått ny omstillingsstatus for 2011. Det vert ny vurdering mot utgangen av 2011 om dette skal halde fram også i 2012.