Blaalid AS har fått på plass ein ny kontrakt som vil sikre full sysselsetjing ved verftet det komande halvåret.
Jobben går ut på å utruste nybygget Meløyfjord. Ifølgje Terje Hveberg, som er dagleg leiar ved Blaalid AS er skroget bygd i Russland. Kontrakten på oppdraget blei gyldig sist fredag. Det er Meløyfjord fiskeriselskap som har bestilt fartøyet.
Hveberg vil ikkje gå nærare inn på kva kontrakten er verd for verftet.
- Oppdraget sikrar full sysselsetjing fram til midten av august, seier han.
Ifølgje Hveberg har Blaalid i dag 40 fast tilsette. Desse får no hendene fulle med Meløyfjord og Haugfjord, som det også er skrive kontrakt på, utover våren og sommaren. Hveberg seier at verftet brukar lokale underleverandørar så langt det er muleg. Ulvesund Elektro og IsoVent er blant dei lokale bedriftene som er involvert i prosjektet, og skal ta seg av høvesvis elektronikk og ventilasjon på nybygget.
Heile saka står i papirutgåva onsdag 23. februar.