– Vi har oppdatert den slik at det ser ut som det er litt liv i oss, men vi har aldri fått førespurnader på bakgrunn av den annonseringa, seier eigar Kristian Skibenes til NRK.
Fjord Services har sett seg nøydde til å takke nei til oppdrag då dei ikkje har nok arbeidskraft.
Då dei skulle finne seg ny dagleg leiar var det heller ikkje ein enkel prosess.
– Då måtte vi bruke profesjonelt rekrutteringsbyrå for å finne nokon, seier Skibenes til NRK.
Fleire av dei ni rekneskapsførarane dei har i dag skal gå av med pensjon om få år. No vurderer selskapet å tilsette nokon som vil jobbe ein annan stad då det er vanskeleg å få folk til å flytte til Måløy.