I forslaget for Nordfjord ligg følgjande:

  • Stryn vgs. blir verande uendra.

  • Eid vgs. mistar FBIE. Tilbodet foreslått lagt til Førde vgs.

  • Firda vgs. mistar studiespesialisering. Ei klasse helsefag er føreslått lagt til skulen.

  • Måløy vgs. mistar studiespesialisering, YSK og restaurant og matfag. Ei klasse helsefag med studieførebuande er føreslått lagt til skulen.

  • I tillegg er det føreslått noko anna for Nordfjord enn dei andre inntaksregionane med tanke på studiespesialiserande. I Nordfjord blir det skrive i forslaget at det er eit behov for å samle fire klasser studiespesialiserande på to skular utifrå eit pedagogisk argument om å skape ei breidde i programfagtilbodet. Dette behovet eller argumentet er ikkje uttrykt i andre inntaksregionar der det er fleire skular som berre har og er føreslått vidare med éin parallell studiespesialiserande.

Fjordenes Tidende sin faktasjekk viste også at det ikkje er stor forskjell i breidda i programfag ved skulane som har ein parallell studiespes og studiespes, verken i Nordfjord eller i ein annan inntaksregion ein tok stikkprøve frå.

Rektorane i Nordfjord blei ikkje einige i kva dei meiner er best for elevane og Nordfjord i si heilskap. Medan rektorane på Firda, Stryn og Måløy vgs. meiner det beste for elevane i Nordfjord er at elevane har studiespesialiserande nærast mogleg fordi det gir viktige utdanningsmoglegheiter, færre elevar må pendle eller flytte på hybel og fordi det er ein svært viktig fot for alle skular med tanke på fagmiljø, skulemiljø og mangfald.

Rektor ved Eid vgs. var ueinig og meinte at to parallellar med studiespesialiserande på blant anna Eid er det riktige sidan breidda i programfaga då ville bli større og det ville gje elevane endå større valfridom.

I tillegg blei det formidla til fylkespolitikarane at alle elevar i Nordfjord har pendlar-avstand til skulen på Nordfjordeid.

Med tanke på FBIE, restaurant og matfag og YSK er det einigheit om at det er svært synd å miste slike utdanningsprogram ut av regionen. Tilsette har også i presentasjonar blitt oppfordra til ikkje å snakke om konsekvensar høyringsforslaget får for anna enn eigen skule.

På høyringsmøtet i Førde uttrykte rektoren at han meinte at FBIE burde ligge ved Eid vgs.

På høyringsmøtet på Nordfjordeid, var rektorane einige i at det burde vere studiespes på alle fire skulane, men det var ikkje sagt noko om kor mange parallellar det burde vere på Eid vgs. eller Stryn vgs. I tillegg dukka det opp eit nytt innspel frå ordførar i Stad, Sigrud Reknses. Han meinte helsefag og helsefag med studieførebuande burde ligge på Eid vgs.

Måndag kveld diskuterte ordførarane i Region Fjordane om dei kunne bli einige i ein felles uttale i høyringa. I forslaget skulle Eid vgs. behalde FBIE og det skulle vere studiespes på alle fire skulane. I tillegg skulle Eid vgs. få helsefag og helsefag med studieførebuande som fylkesdirektøren hadde føreslått å ligge til Måløy vgs. og Firda vgs.

Dette skapte reaksjonar og diskusjonen fortsette.

– Eit håp om å finne ei felles forståing

Region Fjordane blei ikkje einige og rådet jobbar no med å sjå om ein kan bli einige om nokre viktige prinsipp i staden for.

– Utgangspunktet for heile debatten var fylkesdirektøren sitt forslag til ny tilbodsstruktur som slo dramatisk ut for Firda og Måløy vgs. Det såg ut som Eid vgs. ville miste FBIE, mens Firda og Måløy ville miste studiespesialiserande og det var starten på denne debatten. Å ta debatten opp i Region Fjordane var eit initiativ frå meg i eit møte vi hadde i Florø, i håp om å finne fram til ei felles forståing og innspel til fylkeskommunen der vi kunne stå samla i heile regionen. Det kunne ha stått seg godt med tanke på føreseielegheit dei neste ti åra, seier ordførar i Gloppen, Arnar Kvernevik, til NRK Vestland onsdag morgon.

Kvernevik har diskutert i sitt politiske miljø og dei meiner helsefag-strukturen som ligg no skal framleis gjelde. Det vil seie ved Stryn og Måløy vgs.

Kvernevik seier at det er klart ein treng utdanna helsefagarbeidarar, men at ein ikkje må gløyme bakgrunnen for tilbodsstruktursaka:

– Firda har i 11 år kjempa for å få igjen helsefag, og dei har kompetanse og utstyr, men i dagens situasjon er det vanskeleg å tenke seg at fylket vil auke opp tilboda. Heile mandatet og oppdraget er jo å tilpasse tilbodsstrukturen til framtidig behov.

Det betyr ikkje at ein ikkje ønsker helsefag ved Firda vgs.

– Formannskapet har onsdag vedtatt ei høyringsuttale frå Gloppen der ein ønsker vg1 og vg2 helsefag til Firda vgs, men vi har ikkje tidfesta det. Tidspunktet for å krevje helsefag no er ikkje heilt det rette med tanke på at det handlar om nedtak av elevplassar, forklarer Kvernevik til Fjordenes Tidende.

Kvernevik viste også i intervjuet med NRK Vestland til at 19 elevar frå Gloppen pendlar i dag til Eid vgs.

– Så Gloppen bidrar med mange ungdommar til Eid vgs. Elevane i Gloppen har tradisjonelt sett reist til Førde for å ta helsefag der, så om ein bygg opp helsefag på Eid er det ikkje sikkert dei vel å gå der.

– Har prøvd å vere rause

Ordførar i Stad, Sigrud Reksnes, sa at Stad kommune kjem til å spele inn helsefag til Eid vgs.

– Vi har ein stor helsesektor i Stad kommune, og særleg på Nordfjordeid, sa han og la til at det ville vere bra dersom elevane på Nordfjordeid kunne hospitere og ha praksis på sjukehuset, kommunale institusjonar, på ruspost og psykiatrisenteret.

– Det vil vere attraktivt for ungdommane å teste ut om helsefag kan vere noko for dei.

Reksnes meinte Stad kommune har prøvd å vere rause i diskusjonane.

– Vi har prøvd å skissere opp løysingar som gjer at det kan vere studiespes på alle skulane og få det til. Men det inneber at Eid vgs. gir frå seg elevplassar. Då må vi ha ein kompensasjon for det. Vi kan ikkje som den største kommunen i Nordfjord sitte igjen med den minste vidaregåande skulen, sa han til NRK Vestland.

– Det er snakk om å finne ein balanse

– Alle kommunane ønsker seg eit breitt og godt tilbod. Skal ein bygge opp på Eid vgs. vil grunnlaget for dei andre skulane bli tynna ut. Det er snakk om å finne ein balanse mellom tilbod og elevplassar. Og igjen tilbake til utgangspunktet. Ein av grunnane til at samarbeidet i Nordfjord blei vanskeleg var jo den haldninga Eid tok til studiespesialiserande, sa Kvernevik og la til:

– Rektorane prøvde å samle seg til korleis ein burde ha tilbodsstrukturen i regionen framtida der grunnplanken burde vere at studiespesialiserande skulle vere eit tilbod på alle skulane. Og det gjekk Eid imot og det skapte dessverre eit dårleg klima for å finne gode løysingar. Og det har hengt igjen og det er berre å beklage. No gjer vi vårt beste for å samle dei som kan samlast, også Region Fjordane, om ein del prinsipp og ikkje enkelt tilbod på dei ulike skulane, sa Kvernevik.

Han minte også om at vedtaket i fylkestinget i 2018:

– Dei vedtok at Nordfjord skulle bestå av ein fleirkjernestruktur med fire likeverdige senter, Stryn, Sandane, Nordfjordeid og Måløy. Og det ligg bak tenkinga vår: vi er fire likeverdige sentrum, fire likeverdige skular og det skal vere grunnlaget for korleis ein tenker framtidig tilbodsstruktur.

– Eg har prøvd å vere tilbakehalden og prøvd å unngå at det skal bli høg temperatur, sa Reksnes og minte om kjempeutfordringa som kjem innan helse og la til:

– Eg har trua på at ved å etablere helsefag på Eid vgs som er den skulen som ligg midt i Nordfjord og nær desse institusjonane vil vere eit lurt grep for å utdanne ungdommane.

I tillegg meinte han kombinasjonen mellom helsefag og elektro og datateknologi ville vere bra med tanke på å finne gode løysingar innan bruk av velferdsteknologi.

Han synest det var synd at dei tre andre ordførarane i Nordfjord ikkje kunne gå for forslaget han meinte var det beste, sidan dersom alle hadde vore einige så hadde det stått seg betre i fylkestinget.