− Regjeringa sa ja til å greie ut deling av Kinn kommune på bakgrunn av eit initiativ frå kommunen sjølv. Kommunestyret i Kinn har vurdert saka etter å ha fått råd frå innbyggjarane, og har konkludert med at ein ikkje ynskjer deling. Derfor avsluttar regjeringa no prosessen som kommunen sjølv tok initiativ til, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

– Kinn er ikkje rekna som ein tvangssamanslått kommune. Då Stortinget vedtok samanslåing av Flora og Vågsøy i 2017, blei vedtaket fatta på bakgrunn av lokale vedtak om samanslåing i begge kommunestyra. Regjeringa sa ja til å greie ut deling av Kinn kommune på bakgrunn av eit initiativ frå kommunen sjølv, skriv Gjelsvik i brevet.

Statsforvaltaren har også gått gjennom saka, og peikar på at det er både fordelar og ulemper knytt til ei eventuell deling av Kinn kommune, men landa til slutt på å innstille på at kommunen ikkje blei delt.

No lar også kommunalministeren og regjeringa det at samanslåinga var frivillig vege tungt.

– Kommunestyret i Kinn har så, etter å ha innhenta råd frå innbyggarane vurdert saka, og konkludert med at ein ikkje ønsker deling. Regjeringa vil derfor ikkje gå vidare med sak til Stortinget om å dele Kinn kommune.