Politiet har i dag takka av politisjef i Nordfjord, Tormod Hvattum.

– Nordfjord sin fantastiske leiar og ein hedersmann av dei sjeldne, skriv politiet om sjefen sin som fekk ei avslutningsmarkering på Nordfjordeid torsdag.

Dei takkar han offentleg gjennom politiet i Nordfjord si Facebook-side.

Arne Johannessen, politisjef i Sogn og Fjordane, var på plass under markeringa Foto: Politiet i Nordfjord

– Ein politimann med hjartet på den rette staden

Med nesten 46 års teneste i politiet har han ein vanvittig ryggsekk med erfaringar.

– Ein vanvittig ressurs og ein leiar med stor L, skriv dei vidare, og håper han kjem til å nyte livet som pensjonist og skriv under med «helsing frå heile politifamilien».

Arne Johannessen, politisjef i Sogn og Fjordane, var også på plass under markeringa. Han var full av lovord om Hvattum og jobben han har gjort gjennom mange år. Han var også imponert over at Hvattum alltid er til stades.

– Han stiller opp uansett kva det er, svarer opp på fritida og i helger og høgtid. Når det er noko er han alltid tilgjengeleg, både for meg og andre, sa han til Fjordenes Tidende for nokre veker sidan.

Under innlegget kom det raskt kommentarar frå tilsette som har samarbeidd med Hvattum på ulike måter eller som har treft han i jobben som politimann.

– Veldig lærerikt å jobbe i lag med Tormod, skriv ei.

– Du har vore ein politimann med hjartet på den rette staden, skriv ein anna.

Politiet fekk sagt ein del om leiaren sin gjennom sjokolade. Foto: Politiet i Nordfjord
– Ein vanvittig ressurs og ein leiar med stor L, skriv politiet om leiaren sin. Foto: Politiet i Nordfjord