Det var søndag morgon at det blei sett i gang ein større redningsaksjon etter at ein tom båt var blitt observert drivande ved Rundereim i Barmsund.

Rett før dette skal vitne ha sett ein person ståande i ein liknande båt med ei åre i hendene, noko som utløyste aksjonen. Motoren på båten var framleis varm då den blei tatt hand om, noko som forsterka mistanken om at nokon kunne ha ramla over bord.

Dette viste seg til slutt å ikkje stemme, og aksjonen vart avslutta like etter klokka 12.00 etter at politiet fekk kontakt med ein person som dei mistenker for å ha stått bak tjuveriet av båten.

– Status no er at politiet har vore i kontakt med ein person som vi mistenker for å ha stole båten. Men vi kan ikkje med sikkerheit seie at det er denne personen som blei observert i båten kort tid før den blei funne drivande, seier operasjonsleiar Tom Johannesen ved operasjonssentralen til Fjordenes Tidende.

– Men det er mykje som tyder på at det er denne personen som vi no har vore i kontakt med, seier han.

Den omtala båten var observert liggande til kai av eigar laurdag kveld. Men akkurat når den har blitt stole veit ikkje politiet.

– Politiet er på staden og vil halde fram med etterforsking for å finne ut av dette, seier operasjonsleiaren.

– Er det mistanke om at det er promille involvert?

– Det veit vi ikkje. Det kan sjølvsagt vere aktuelt då båten blei køyrd, men igjen, så har vi ikkje arrestert personen i sjølve båten. Det var i ettertid at vi kom i kontakt med den mistenkte.

Om politiet har rett, så vil hendinga gi grunnlag for reaksjonar.

– Det er for tidleg å seie noko om dette, men det er straffbart med tjuveri av båtar, og det kan også vere straffbart å igangsette ein redningsaksjon på uriktig grunnlag. Så vil det alltid bli gjort ulike vurderingar. Det er ingen standard på korleis dette vil bli handtert, avsluttar Johannesen.