Fjordhingsten Glød frå Eid vart kåra til spiss og dagens hest under Hingsteutstilinga på Nordfjordeid laurdag.

- Fantastisk! Dette gir ei god kjensle i hjartet, smiler hesteeigar Steinar Furnes frå Nordfjordeid.

Spenninga er stor under kåringa, og for alle hesteeigarar er det å få ein spisshingst ein draum.

- Det oppleve det for andre gong er spesielt, seier oppdrettar Bjørn Aardal frå Kjølsdalen stolt.

I år er det 130 år sidan første hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Fjordhestmiljøet opplever ein positivitet, og interessa for fjordhesten er større enn på lenge.

Les meir om hingsteutstillinga i Fjordenes Tidende si papirutgåve tysdag.