– Eg er særs glad for at det no blir slått fast at Nordfjord Jordskifterett skal bestå, og ikkje er ein del av vurderinga av endringar i domstolstrukturen som no blir starta av Domstoladministrasjonen, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Domstoladministrasjonen har i lang tid arbeidd med mulige strukturendringar både for tingrettane og jordskifterrettane i Noreg. No har dei sendt ut på høyring eit framlegg til kva strukturendringar Domstoladministrasjonen ynskjer å gjere. Her ligg det inne muleg samanslåing av jordskifterettar fleire stader i landet, men i Sogn og Fjordane går Domstoladministrasjonen inn for at jordskifterettane skal bestå. Det er i tråd med innspela frå Nordfjordrådet og regionrådet i Sunnfjord, som har arbeidd saman med å fremje felles synspunkt inn til Domstoladministrasjonen.

– Med dette er framtida sikra for eit viktig statleg fagmiljø i Nordfjord som lenge har vore under press. Det er også eit nytt døme på kor viktig det er at det politiske miljøet i Nordfjord står samla og engasjerer seg, slik vi også no ser har gitt resultat når det gjeld Nordfjord sjukehus og Fiskeridirektoratet i Måløy, seier Bjørlo i ei pressemelding.

Nordfjord Jordskifterett femner om kommunene Selje, Vågsøy, Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn, held til i Postgarden på Nordfjordeid og har 6 tilsette pr i dag. Nordfjord Jordskifterett er ein spesialdomstol for eigedom, og handsamar årleg ca 40 saker knytt til avklaringar om eigedomsforhold i alle Nordfjord-kommunane.

– Denne avklaringa gjer også at alt ligg til rette for å halde på dagens system med at Fjordane Tingrett har tingrettsal og personell-ressursar på Nordfjordeid samlokalisert med jordskifteretten, slik at dei fleste Nordfjord-sakene i tingretten kan køyrast lokalt. Nærleik til offentlege tenester er viktig for folk i Nordfjord, og eg er glad for den avklaringa Domstoladministrasjonen no har gjort, seier Bjørlo.