I Fjordane tingrett denne veka sa den danske legen, som er tiltalt for bildrap etter ulukka på Bryggja i 2013, at han har hatt det etter ulukka.

Han er også redd for at utfallet av rettssaka er avgjort på førehand.

- Det har vore ei tøff veke i retten. Eg er redd eg ikkje blir høyrt. Eg er redd eg er førehandsdømt. Det har vore blanda inn mange andre forhold enn det som gjeld ulukka. Er redd for at det livet eg prøver å byggje opp blir øydelagt igjen, sa legen.

Han er sterkt prega etter det som har skjedd, både psykisk og fysisk.

- Eg innser at eg ikkje er i stand til å kunne halde fram i legejobben som eg har hatt i 17 år, og som eg har vore så glad i. Eg må innsjå at eg må leve eit liv med krykkje. Det har vore eit helvete med smerter og vonde tankar, sa ein svært prega 47-åring i vitneboksen.

Han fortalde også retten korleis han sakte men sikkert arbeider med å byggje seg opp igjen. Han har to barn heime i Danmark på 12 og 14 år som betyr mykje for han.

Han er også litt i jobb der han bidreg med legeråd via telefon. Utover det så er han trygda.

Paul Inge Angelshaug og Elisabeth Elliott er legen sin forsvarar i rettssaka som går i Fjordane tingrett denne veka.

Han fortalde også om mareritta han har hatt, og kor vondt det er å vite at han har vore i ei ulukke der ein person har mista livet.

- Eg har mange gonger ynskt at eg kunne spole livet tilbake til før ulukka, og at det ikkje hadde skjedd, sa legen.

Rekon, som driv med etterforsking av trafikkulukker og bilbrannar, har på oppdrag frå politiet gjennomgått dokumentasjonen etter dødsulukka.

Konklusjonen er at Mercedesen, som kom i retning Måløy, kan ha hatt køyrd i 125 kilometer i timen i 80-sona, og at den kom over i feil kjørefelt og trefte bilen der den polske kvinna og ein passasjer sat.

I tillegg til å ha hatt høg fart og ha kome over i feil kjørebane, så har Folkehelseinstituttet rekna ut at den mannlege føraren av Mercedesen har hatt ein promille på 0,5 som ein følgje av medikament.

Den danske legen har nekta straffeskuld.

Rettssaka blir avslutta i dag fredag.