Litt før klokka 16.00 tysdag ettermiddag rykte politi og brannvesenet i Vågsøy ut etter at det vart meldt om røykutvikling på Måløy Treningssenter.

Treningssenteret ligg i Gate 1 i Måløy sentrum.

Dei tilsette fekk kontroll over det som kunne utvikla seg til ein brann, og brannvesnet og politiet kunne returnere.

Politiet opplyser at det hadde vore brann i ein hårfønar, og brannen var blitt sløkt med pulver.

Ingen kom til skade.

Saka vert vidare etterforska ved Vågsøy lensmannskontor.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende