Norges Lastebileierforbund var derfor torsdag på Holvik skule for å snakke om kampanjen Venner på veien, som har som mål å lære barna korleis dei skal oppføre seg i møte med tungtrafikk.
– Vi har same visjon som Statens vegvesen. Null drepne og skadde på vegane, seier regionsjef Jan-Ove Halsøy i NLF.
– Det er den store frykta som yrkessjåfør, å køyre på eit barn. Vi har alltid fokus på det, og ser ein barn langs vegen kjem varsellampane på. Då tek ein som sjåfør sine forholdsreglar, seier Asgeir Gil, som sit i fylkesstyret for NLF og driv Måløy Container Transport.
Men sjølv om sjåførane er dyktige, og bilane utstyrt med det siste av utstyr, ryggekamera og vidvinkelspegel, er moglegheita for ulukker alltid der.
– Derfor vil vi ha eit samarbeid med familiar og skulen slik at vi kan vere tidleg ute med å nå barna, seier Gil, som likevel understrekar at det aldri er barna sitt ansvar om det skjer ei ulukke.
– Det er alltid vårt.
Dårlege vegar
Å ha sunt trailervett er høgst aktuelt i vår del av landet som har mykje tungtrafikk på vegar som ikkje alltid er dimensjonert for slik trafikk.
– Mange av barna hadde sett opptil fleire trailerar på veg til skulen i dag, seier Gil.
Fekk sitte i førarhuset
– Vil de prøve å sitte inne i traileren? spurte regionsjef Jan-Ove Halsøy etter at ein hadde hatt inneundervisning, leikt med lastebilar på golvet og sett filmar om trafikktryggleik.
– Jaaaa! var det unisone brølet han fekk tilbake.
Dette er vegene politikerne mener man må utbedre
– Vi må stoppe opp og vinke, og så må sjåføren i bilen vinke tilbake til oss, forklarer Malin Vedvik Hestdal i tredje klasse.
– Kvifor må han vinke tilbake?
– For då har han sett oss!
NLF har no hatt kampanjen Venner på vegen fleire år på rad, og dei merker effekt.
– Mange fleire skular kontaktar oss no for besøk no enn i starten, seier Halsøy.
Dei driv også omfattande førebyggande arbeid for sjåførar.
– Vi skal vere profesjonelle vegbrukarar. Halde fartsgrensa, ha yrkesstoltheit, vise omsyn og vere leiestjerner for andre, avsluttar Halsøy.
Må stå langt unna
Det er svært viktig å halde god avstand til ein lastebil eller trailer. Sjåføren sit så høgt oppe at han eller ho ikkje ser folk før dei er godt stykke frå bilen.
– Vi har masse speglar, men det er likevel utruleg vanskeleg å ha kontroll. Det er store blindsoner. Til dømes rett framfor bilen, på høgresida og bak bilen må ein aldri stå, og ein må aldri vere mellom tilhengar og bil, seier Halsøy, og fortel at distansen eit barn må vere frå vogntoget før sjåføren ser ungen er overraskande stor.
Lærte barna sunt «trailervett»
Dei prøvde også å vise kor tungt eit vogntog er, og at dei derfor treng lang tid på å bremse om nokon skal over vegen.
– Eit fullasta vogntog kan fort vege 50 tonn eller meir. Det var ein lærar som forklarte det godt. Ho sa at om ein såg for seg at alle skulen sine 49 elevar kom køyrande i kvar sin bil til skulen, så var dei til saman like tunge som eit fullasta vogntog.
Derfor må ein aldri gå ut i vegen før eit vogntog har stoppa heilt, og sjåføren har vinka tilbake til deg, seier Halsøy.
– Bruk refleks heile dagen
Elevane fekk sjå film om refleksbruk og var overraska over kor dårleg dei syntest i mørket.
– Vi har ein film der vi har fotgjengarar med og utan refleks. Det var først fjerde gongen vi såg filmen, og etter at eg peikte på personen, at alle såg han som ikkje hadde refleks. Første gongen såg ingen vedkommande, seier Jan-Ove Halsøy.
– Det kan vere skilnaden mellom liv og død
– Eg har både ein gul, ein rosa og ein grøn refleksvest, fortel Aleksandra H. Blålid, som seier ho synest trailerar kan vere litt skumle i forhold til vanlege bilar langs vegen.