Det var dei unge entreprenørane Ingri, Mads, Marte og Kristian som til slutt gjekk til topps. Med god hjelp frå mentor Per Asle Madsen frå Maritim Park la dei fire niandeklassingane fram skisser for korleis uteområdet ved ungdomsskulen kan forbetrast.

Elevane frå niande klassetrinn ved Vågsøy ungdomsskule deltok på gründercampen i regi av Måløy Vekst denne veka.

Der blei dei utfordra av næringslivet til å løyse ulike problemstillingar. På kort tid hadde Marte Furnes Myhre, Ingri Selstad, Mads Aarvik og Kristian Myksvoll Sætren arbeidd fram ein plan som juryen meinte var imponerande. Det kreative firkløveret fekk dermed førsteplassen i konkurransen om å ha den beste oppgåveløysinga.

Les heile saka i papirutgåva fredag 18. juni.