Tyfonar, enorme folkemengder, fellesdans på torget og kinesisk koppemassasje er berre nokre få av minna Iselin Gangeskar Paris sit att med etter eit halvår som utvekslingsstudent i Kina.

– Turen var heilt fantastisk. Eg kunne nok snakka i fleire dagar om alle dei merkelege og spennande tinga eg har opplevd, fortel 21-åringen.

Ho trekk fram opphald i Himalaya, besøk på den kinesiske mur og terrakottakrigarane i Xian, samt ein tur til eit heilag buddhistfjell der ho rei på muldyr og utforska naturen saman med munkar og pilegrimar.

– Å få oppleve eit tibetansk bryllaup var også fint, og så var det veldig spesielt at alle stadig ville ta bilete saman med oss kvite som om vi var kjendisar.

Utfordringane stod i kø

Den eventyrlystne økonomistudenten frå Flatraket reiste til Kina i slutten av juli 2015. Etter eit månadslangt språkkurs i Shanghai, reiste ho lenger sør til Kunming for å studere sosialantropologi i to nye månadar. I november gav ho seg laus på den største utfordringa, nemleg feltarbeid og forsking.

– Eg skulle eigentleg til Xishuangbanna, sør i Kina ved grensa til Myanmar og Laos, for å studere korleis narkotikasmugling over grensa frå Myanmar til Kina påverkar lokalbefolkninga. Men ettersom det kom eit svært alvorleg utbrot av dengue-feber i sør, fekk vi ikkje lov å reise dit. Eg enda opp med å reise til Shangri-La i Tibet-området, der eg studerte subsidiar gitt til fattige bønder på landsbygda samanlikna med urbane innbyggjarar.Ho fortel at professoren hennar slett ikkje likte denne tilnærminga. Han meinte at all fattigdom i Kina er utrydda. – Eg valde å halde på problemstillinga mi, og ser jo klart at sjølv om Kina har hatt ein enorm økonomisk vekst og mange har fått betre levekår, så står fleire av dei aller fattigaste att utan noko betringar i det heile, seier ho, og legg til at det var utfordrande å jobbe med eit så sensitivt tema, spesielt i eit framand land.

Søkte i siste liten

Paris, som til dagleg studerer samfunnsøkonomi ved Universitet i Bergen innrømmer at det ikkje var planen å reise til Kina.

– Eg hadde søkt på eit utvekslingsprogram i Barcelona, men hamna i feil forelesingssal. Så det var tilfeldig at eg fekk med meg informasjonsmøtet om avtala med universitetet i Yunnan, fortel ho.

– Det verka utruleg spennande og godt tilrettelagt, så eg gjekk heim og endra søknaden min same kveld.

Etter nesten eit halvt år i Kina angrar ho ikkje eit sekund på det valet.

– Eg er veldig glad for at eg valde som eg gjorde. Barcelona har eg alltids moglegheita å reise til seinare, men ei slik oppleving av Kina, og eit slikt innblikk i kinesisk livsstil og kultur, kjem neppe att.

Vil tilbake med tida

Flatraksjenta anbefaler så mange som mogleg å utforske det enorme landet ho sjølv nyleg returnerte frå.

– Ein treng kanskje eit par dagar å venne seg til alt, både mat, kultur og språkvanskar, men når ein vert varm i trøya er Kina heilt fantastisk. Sjølv vil eg gjerne tilbake, men ikkje heilt enno. Det er ein utruleg spennande kultur, men samstundes eit land det tek på å bu i. Det er vanskeleg å forklare, men somme tider kjenner ein seg litt fortapt.

På den måten var det godt å kome heim.

– Det ligg noko i uttrykket borte bra, heime best. Men kjenner eg meg sjølv rett, blir det nok ikkje så lenge til neste tur, avsluttar Paris.