Bandet Sideshow Bob har blitt for Elvisfestivalen sitt husband å rekne. Johan Os Stave frå Nordfjordeid sette den fyrste tonen saman med dei elleve andre i bandet.

– Det er fantastisk kjekt å få kome tilbake til Måløy å spele. For min del blir det litt som å spele på heimebane. Dette er tredje gongen vi spelar på Elvisfestivalen, seier Stave, som har spelt gitar i bandet frå Austlandet i om lag ti år.

– Det at vi blir invitert tilbake år etter år må jo vere eit godt teikn. Vi blir alltid så godt mottekne, smiler Stave, som no bur på Kolbotn utanfor Oslo.

Kjenner repertoaret

Sideshow Bob spelte under kyrkjekonsertane i Sør-Vågsøy kirke torsdag, på dagtid fredag og laurdag og på dei to showa i festivalteltet Graceland.

– Det har blitt slik at det er i Måløy vi spelar mest, seier Stave, og legg til at bandet har turnert med ein annan kjenning for publikummet i Måløy.

Og det var tydeleg at artistane var fornøgde med prestasjonane til tolvmannsorkesteret.

– Eg må berre få takke bandet. Dykk er heilt fantastiske. Gje dei ein stor applaus, sa Gordon Hendricks, som blir rekna som ein av verdas beste Elvis tribute artistar, då konserten hans gjekk mot slutten.

Rocka med soloar

Bandet har i tillegg ei blåsarrekkje som gjorde seg merka med det innøvde koreografiar under nokre av nummera.

I tillegg til Side Show Bob bidrog The Mels til å halde takt og rytme under showa.