Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 15. mai.

Forventar fleire statlege arbeidsplassar

Det siste året har det blitt 2.400 fleire statlege arbeidsplassar i dei fire største byane i Norge. Dessverre er det på langt nær same veksten i talet på offentlege arbeidsplassar i distrikta. Ifølgje NRK mista Sogn og Fjordane fem jobbar til 5.242 offentlege arbeidsplassar. Denne utviklinga er stikk i strid med lovnadane mange politiske parti har kome med om å flytte statlege arbeidsplassar ut av storbyane.

No reagerer ordførarane i Eid, Alfred Bjørlo (V) og ordførar i Flora, Ola Teigen (Ap), på denne utviklinga. Begge har gjort slik regjeringa har oppmoda dei til, nemleg sagt ja til å slå seg saman med ei anna kommune. Regjeringa har fleire gonger sagt at kommunar som slår seg saman til større og meir robuste einingar skal få statlege arbeidsplassar og høgre overføringar. Dette kom også fram då regjeringa etablerte det nye inntektssystemet for Kommune-Norge.

Dei to legg ikkje skjul på at dei er skuffa og at forventingar til fleire statlege arbeidsplassar var ein viktig motivasjonsfaktor for å slå seg saman med ei anna kommune. Både Bjørlo og Teigen meiner regjeringa har gjort det motsette av det dei har lova. Då politikarane i Vågsøy diskuterte samanslåing med Flora kommune for litt over eitt år sidan, så var nettopp dette med nye offentlege arbeidsplassar eit argument jasida la stor vekt på. Flora kommune har alt fått kjenne dette på kroppen. Dei mista 53 statlege arbeidsplassar i fjor då politireforma vart gjennomført. Mange kommunar som er i ferd med å slå seg saman har forventingar til løfta frå regjeringspartia om fleire offentlege oppgåver og arbeidsplassar. Held ikkje regjeringa det dei har lova vil det føre til stort raseri i dei kommunane som har brukt tid og pengar på å lage nye kommunegrenser.