Det seier dagleg leiar i Normatic, Hans Inge Solheim, som er ei av dei sentrale bedriftene i elektro- og automasjonsmiljøet i Nordfjord, i ei pressemelding.

Han legg til at bedriftene må få til endå tettare samarbeid og høgare innovasjonstakt i heile bedriftsmiljøet, og eit nært samspel med forskings- og utdanningsmiljø nasjonalt og internasjonalt.

– Vi har utvikla oss til å bli eit relativt stort elektro- og automasjonsmiljø på Eid. Vi har eit stort område, ein tomt på om lag 16 mål, som vi har sett på i moglegheita for å utvikle oss vidare. I tillegg må vi rigge oss for framtida og tenke på rekruttering, etterutdanning og vidareutdanning og møte dei utfordringane vi har med tanke på ny teknologi og digitalisering, seier Solheim til Fjordenes Tidende.

Bedriftsmiljøet ønskjer no å utvikle eit «campus-område» på Nordfjordeid som omfattar:

  • Ein virtuell del; ein arena for læring og innovasjon mellom regionale innovasjons-aktørar og med høgskule- og FoU aktørar nasjonalt og internasjonalt.

  • Ein fysisk del; Nordfjord Sjukehus, Eid vidaregåande skule og Nordøyrane der Normatic i dag held til og har 16 mål ledig tomeareal. I dette området er der ei eksisterande byggmasse som kanskje kan utnyttast enda betre, men samtidig og eit stort areal for å bygge nytt i høve dei behova ein avdekkjer.

– Å gå saman om eit slikt campus-prosjekt er særleg viktig for å styrke rekruttering av dei gode talenta som skal føre veksten til denne klynga vidare, seier Hans Inge Solheim.

Bedriftene som no er i gang med eit forstudie for å møte desse utfordringane er; Normatic, Caverion, Eid Elektro, Moderne Varme, Nordplan, Fjordvarme og Segel. Ein har allereie innleia samtalar med andre bedrifter som kan styrkje kompetansen ytterlegare i dette miljøet.

– Med auka digitalisering ser ein at det opnar seg nye moglegheiter på tvers av ulike fagområde, seier prosjektleiar Trond Haavik, og fortset:

– Eit døme på dette er det nasjonale pilotprosjektet om avstandsoppfølgjing av pasientar, som Eid kommune saman med Helse Førde deltek i som ein av seks nasjonale pilotar. Her vil det vere viktig å kombinere kunnskap om helse og IT/automasjon. Både kommunar og helseføretak vil ha behov for «helse-ingeniørar» og bedriftene i klynga har behov for etterutdanning av sine medarbeidarar på felt som kan gjere dei betre rusta til å ta posisjonar innan nye marknadsområde. Det er derfor naudsynt med nye former for samarbeid med både vidaregåande skule, fagskule og høgskule for å tilby kunnskap som stettar desse nye behova.