– Vi er klar over at det samlast mykje folk der, og vi har også fått informasjon om at det går føre seg ting som ikkje skal skje. Det vi ser er at det er veldig mykje ungar der, og lite vaksne. Eg vil oppmode foreldre om å ta seg ein tur, for det er ein gong slik at eldre barn blir tøffare i språket når det ikkje er vaksne til stades, seier Roger Gundersen ved Vågsøy lensmannskontor.

Han fortel at uteområdet har blitt ein stad der ein del eldre ungdomar møter barn og andre ungdomar, og at politiet har vore der ved fleire høve.

– 90 prosent av dei som er der er snille og greie, men vi veit at det er problem utover kveld og natt. Vi har ikkje tatt nokon for noko og vi har ingen indikasjonar på at det blir brukt narkotika, men det vi opplever er at dette er ein stoppestad for folk som er på veg til eller frå fest. I utgangspunktet er dette eit leikeområde, seier Gundersen.

Han understrekar vidare at det ikkje er lov å drikke alkohol på offentlege plassar, og at aldersgrensa for å nyte alkohol er 18 år.

Politiet har ikkje motteke konkrete meldingar om at det har blitt gjort noko ulovleg på området, men Gundersen fortel at dei er i dialog med skuleleiing om korleis ein kan sikre seg mot at det eskalerer.

– Det er ofte vi er der, og ser at det ikkje er nokon vaksne til stades. Ein har fått eit fantastisk uteområde med mange moglegheiter, men det kan også gi ein del utfordringar og uheldige hendingar om ein ikkje er medvitne og følgjer opp som vaksne, understrekar han.

Politiet ser ikkje vekk frå at det kan bli innstrammingar knytt til når på døgeret ein kan opphalde seg på uteområdet til Vågsøy ungdomsskule.

– Det skal jo vere nattero etter klokka 23. Det bur ein del folk i området som har melde frå om bår der etter både klokka 01 og 02. Vi har tiltak som vi ikkje har diskutert, som å innskrenke moglegheita for å nytte uteområdet.

Gundersen understrekar at han meiner det er flott at uteområdet blir brukt av barn og ungdom, men ber samstundes foreldre vere årvakne på kva barna deira gjer på.

– Førre helg måtte avslutte ein heimefest med mindreårige. Der tok vi blåseprøve av alle som var på festen, og ringte så heim til alle foreldra, og venta der til alle hadde blitt henta.