– Vi skal undersøkje staden på torsdag, seier Nils Bakke, tenestadsleiar ved Vågsøy lensmannskontor.

Det var bebuarar i huset på Raudeberg som oppdaga brannen, fekk lukka dørene og meldt i frå. Noko som kan ha hindra ein potensiell storbrann.

Brannvesenet rykte raskt ut til huset, og ingen personar vart skadde.

Bakke informerer om at det er ein del brannskader i kjellaren i huset, og at det i tiillegg er ein del røyk- og sotskadar i resten av huset.

– Det er ikkje bebueleg, seier Bakke.