Måtte sjå seg slått av seriemeisteren

FOTBALL: Årdal avgjorde kampen mot Tornado Måløy på overtid og vart vinnar av kretsligaen 2019. Dette var Tornado Måløy sin siste kamp før samanslåinga med Skavøypoll.

Tornado Måløy spelte laurdag sin siste kamp før samanslåinga med Skavøypoll. Heimelaget heldt lenge stand mot sogningane, men måtte til slutt sjå seg slått av vinnaren av kretsligaen 2019.  Foto: Marianne S. Rotihaug

pluss

Det var TMFK som kom best i gang i sesongens siste kamp, og heimelaget gjekk opp i leiinga etter ti minutt. Marius Stavenæs Refvik bomma først på straffa, men sette sjølv returen i mål.