Namnet skal signalisere både at det er Fjordenes Tidende som har laga podkastane, men også at vi har håp om at dei skal vere verdt å lytte til og vere noko å følge med på.

På fjt.no, Spotify og Apple Podcast

Podkastane blir publiserte både på fjt.no, Spotify og Apple Podcast med eigen kjenningsmelodi laga av Aleksander Raftevold.

– Vi gav Aleksander Raftevold ei kjempeutfordring då vi bad han lage ein jingle eller kjenningsmelodi til podkasten vår, Tidendes pod, men også ein jingle til heile Fjordenes Tidende, seier Fagerli og legg til:

– Han trefte oss med ein gang med det han produserte, og vi er veldig stolte av låten.

Podkastane blir først publiserte på fjt.no for abonnentane våre. Dei vil etter ei stund bli lagt gratis på Spotify og Apple Podcast. Du kan søke på Tidendes pod eller Fjordenes Tidende, så vil dei komme opp, klare til å bli lytta på.

Rebekka Myrseth, som utdannar seg til grafisk designar, har laga podkastcoveret.

– Vi meiner det fangar godt kven vi er og det får fram både logoen og dei fine menneska som kjem til å jobbe med podkasten.

Rebekka Myrseth frå Selje, har stått for podkastcoveret.