Tar i mot over 1.000 spelarar

Spelarar i alderen 6–16 år, frå Bergen i sør til Sunnmøre i nord, kjem denne helga Selje for å delta på årets Seljecup. I løpet av helga skal det spelast cirka 270 kampar. Atle Solheim (framme) fortel at det i år blant anna blir profesjonelt fotballtrikseshow under cupen. Arkivfoto: Christina Cantero 

Sport

Atle Solheim, som er aktuell med Selje-cup denne helga, vart intervjua i vår Fort Sagt-spalte fredag:

Namn: Atle Solheim

Alder: 58 år

Adresse: Selje

Sivilstatus: gift, tre vaksne barn

Yrke: rektor på Selje skule

Hobby: fotball og jobbe for at barn og unge skal ha kjekke aktivitetar å halde på med. Fjellturar, friluftsliv og fiske

Aktuell med: Seljecup som blir arrangert 10.–12. juni i Selje.

– Kva er Seljecup?

– Seljecup er fylkets nest største utandørs fotballturnering. Den blir arrangert for 22. gong i år. Turneringa er for gutar/jenter i alderen 6-16 år.

– Korleis har påmeldinga gått?

– Det har vore veldig stor pågang av lag som vil delta, særleg av overnattande lag. Vi har nok aldri måtta seie nei til så mange lag som i år, dette fordi vi ikkje har plass til fleire m.o.t. overnattingsplassar, matservering eller kampavvikling. Det deltek cirka 135 lag og 1100–1200 spelarar.

– Kvifor trur du Seljecup er blitt så populær?

– Vi får kvart år mykje ros for det flotte arrangement. Ein av suksessfaktorane er at Seljecup er ei kompakt turnering der alt går føre seg i og rundt Selje Idrettspark, både kampar, aktivitetar, matservering og overnatting. Sjølve avviklinga av kampane brukar å gå nøyaktig som planlagt, og vi leiger inn fleire dommarar i tillegg til våre eigne for å ha god kvalitet også her. Vi får også mykje skryt for matserveringa. I tillegg har Seljecup mange aktivitetar og mykje som skjer utanom kampane. Og ikkje minst, så er Selje ein flott stad å komme på besøk til!

– Korleis trur du helga blir?

– Eg håpar at alt går som planlagt, og at alle får ei flott helg i Selje. Eg kryssar fingrane for godt vær, for det set alltid ein ekstra spiss på arrangementet.

– Og no er de klare for helga?

– Ja, så klare som vi kan bli. Dugnad har pågått heile siste veka også. Det er dugnadsinnsatsen til nærare 200 frivillige som gjer at vi kan greie å få til eit så stort og flott arrangement. Vi takkar kvar og ein for innsatsen som dei gjer for cupen og bygda denne helga. Så må eg seie at eg ser fram til at vi kan puste ut etter ei forhåpentlegvis vellukka cuphelg.

– Korleis er det i Selje når cupen blir arrangert?

– Det er folk overalt og det sydar av liv og røre. Dette er ein folkefest og ei stor helg for Selje og kommunen vår.

Det er ikkje berre barn og unge som finn vegen til bana denne helga. Søndag blir det nemleg fotballkamp med Selje sine naudetatar i duell mot Selje kommune.