«Likestilt»:

Kristin er ikkje redd for å gi full gass i NM

DRAGRACE: – Det er ingenting som seier at vi kvinner ikkje kan, seier Kristin Solberg, som nyleg oppgraderte dragracelisensen slik at ho kan køyre i 220 km/t.

– Ein blir godt motteken som kvinne i sporten. Det er eit unikt miljø og berre stilig å vere dame, seier Kristin Solberg frå Svelgen. Her frå eit tidlegare street legal på gamle Kjelkenes ferjekai. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Sport

– Eg fekk lyst til å oppgradere til Pro ET. Då brukar ein ti sekund på 402 meter. Med bilen min er toppfarten 170 km i timen, fortel Kristin Solberg frå Svelgen, som berre kjenner til tre andre kvinner som køyrer Pro ET.