Mistar nok ein motstandar

FOTBALL: Tornado Måløy skulle eigentleg møte Førde2 på søndag, men laget frå Sunnfjord har trekt seg frå 3. divisjon for kvinner i Sogn og Fjordane.

Førde2 har trektlaget sitt og TMFK mistar nok ein motstandar i 3. divisjon. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug 

Sport

– Det er trist at det er fleire lag som trekker seg. Det er fortvilande. No kom jo dette før vi reiste inn og spelte kampen, i motsetnad til korleis det var med Sogndal2 som trakk seg tidlegare i sesongen. Når laga trekk seg blir det mykje rot med terminlister og slikt, seier TMFK-trenar Per-Magne Løken

Dommar- og seriekonsulent Yngve Håkonsen i Sogn og Fjordane Fotballkrets seier Førde2 har trekt seg frå divisjonen på grunn av spelarmangel.


– Dei har ei så stor grad av fråfall at dei må bruke det dei har av spelarar for å serve det laget dei har i 2. divisjon, forkarar Håkonsen.

Han legg til at alle kampane Førde2 har spelt blir annullert og at poenga blir sletta.

– Den endringa har vi gjort, og tabellen er ganske dynamisk, seier Håkonsen.

Tornado Måløy vann 4-0 over Førde2 i opningskampen denne sesongen, men mister desse poenga som følge av at laget frå Sunnfjord har trekt seg.

– Vi starta sesongen med ti lag. Det tenkte vi var passeleg. Det var veldig om å gjere å få med det andre laget for Førde, så det er rart at dei ikkje har betre oversikt då sesongen starta, meiner Løken, som tidleg fredag ettermiddag ikkje hadde høyrt noko frå kretsen om at Førde2 har trekt seg.