– Vi lar sak vere sak, og har det kjekt i lag, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

Laget Team Mayor kom i stand etter at Osdal utfordra ordførarkollegaene i Eid og Vågsøy til å delta i triatlonen i Selje, som i år vart arrangert for femte gong.

Vågsøy-ordføraren tok sjølv den 6,2 kilometer lange sykkeletappen, Bjørlo tok løp-/gangetappen opp til Tarvaldseggja (645 meter over havet), medan initiativtakar Osdal starta ballet på den 500 meter lange svømmeetappen langs Seljesanden.

Sette løyperekord

På startstreken saman med ordføraren stod fire andre deltakarar i klassa for lag. I dameklassa stilte om lag 15 kvinner til start og om lag 35 menn stilte til start i herreklassa.

– Det har vore om lag slik som tidlegare år. Vi hadde litt fleire damer enn tidlegare og det er kjekt. Vi ser at vi må gå meir på bedriftene å få dei til å stille lag. Alle snakkar om at arbeidsplassen deira skal stille lag neste år, seier arrangør Therese Lien Smenes.

Mona Austring, Wanja Lien og Stig Taklo har delteke i alle dei fem utgåvene av Selje Challenge.

– Ein får utfordra seg sjølv i ein praktfull natur, svarar Austring og Lien på spørsmål om kvifor dei stiller på start år etter år.

– Vi har blitt eitt år eldre sidan sist, men målet er å ikkje bli treigare, smiler Austring.

Mosjonsgruppa i Selje IL og Selje skulekorps arrangerte mini-challenge for barn mellom 0 og 12 år. Over 30 påmelde ungar sprang ut frå start.

Treigare gjekk det i alle fall ikkje med Alex Peveri frå Jølster IL og Vetle Hammersvik frå Førde IL. Etter både svømming, sykkel og springing vart det eit spurtoppgjer opp dei siste meterane til Tarvaldseggja.

Peveri kom i mål etter 43 minutt og 42 sekund. Hammersvik kryssa mållina fire sekund seinare.

– Det var nok eit glepptak som avgjorde det. Men den nye løyperekorden er heile to minutt sterkare enn den førre, fortel arrangør Jan Vidar Smenes.

I dameklassa vann Lene Klemetsen frå Team Bjerke med tida 56.06. Laget Riksbygg vann si klasse på 55.53.

Snusar på samarbeid

Arrangørane er nøgde med årets triatlon.

– Dagen har vore fantastisk. Vêret såg trasig ut på morgonen, men då arrangementet begynte var det opphald og nærast vindstille. Vi har ikkje fått rapportar om skader, og Røde Kors har vore på plass overalt, og i tillegg har vi hatt mange frivillige på plass, seier Lien Smenes.

På premieutdelinga i etterkant at triatlonen vart det også delt ut ein publikumspris. Denne gjekk til Kjell Inge Kvamme.

– Vi fekk inn mange gode kandidatar, men Kjell Inge har trent iherdig og sett seg eit mål. Frå ikkje å mosjonere noko særleg har han blitt skikkeleg godt trent. Han går på fjelltur i all slags vêr, og er eit føredøme for andre. Det er ein velfortent vinnar av publikumsprisen, fortel Lien Smenes, og fortset:

– Det er viktig for oss å få med breidda, og ikkje berre toppen.

Kjell Inge Kvamme stakk av med publikumsprisen. – Han går på fjelltur i all slags vêr, og er eit føredøme for oss andre, seier Therese Lien Smenes.

I tillegg til triatlon for damer, menn og lag, arrangerte mosjonsgruppa i Selje IL og Selje skulekorps mini-challenge for barn mellom 0 og 12 år. Løypa gjekk frå Klubbhuset til trappene, Risnakken, Nedre Djupedalen/Legane og tilbake til Selje stadion. Her var det over 30 påmelde.

– Det var veldig kjekt for ungane at det endeleg var deira tur. Ekstra kjekt var det at det var mange vaksne som heia fram ungane og at dei fekk den fokuset dei fortener, understrekar Lien Smenes.

Ho håpar at det blir ei ny utgåve av Selje Challenge neste år, men då også med ein fest på kveldstid.

– Vi får sette oss ned i lag med arrangørane av Sommarfesten å sjå kva vi kan få til, samanfattar arrangøren.