– Det hadde vore kjekt å bli proff, men eg tenkjer ikkje så mykje over det. Eg tenkjer berre på å utvikle meg så godt som eg kan. Eg lever mest her og no, seier syttenåringen frå Holvik.

Les meir om «Likestilt» her.

Ho går på idrettslina på Sogndal vidaregåande skule og spelar på Kaupanger sitt damelag. I vår vart ho teke ut til å spele i EM i Tyskland på det norske J17-laget, der dei norske jentene kom til semifinalen.

– Det var litt surrealistisk. På starten av året trudde eg ikkje at eg skulle få vere med på det, så det var utruleg kjekt, smiler ho.

Å spele i meisterskapen var noko ho hadde jobba hardt for å få til.

I samband med EM i kvinnefotball som var i Nederland har debatten rundt forskjellane i kvinne- og herrefotball blussa opp. Det kom mellom anna fram at det er over 25 gongar så mange spelarutviklarar som jobba med gutar enn som jobba med jenter i norske toppklubbar. Tennebø meiner at norsk fotball har eit godt stykke å gå når det kjem til å satse på kvinnefotball.

– Der er jo store forskjellar. Særleg med tanke på pengar og satsing. Gutane får vel som regel dei beste trenarane, og så vidare. Det er framleis mykje å gå på, det kunne vore litt meir rettferdig. Det er ikkje så mange damer som kan leve av å spele fotball, seier talentet frå Holvik.

Sjølv har ho ikkje opplevd forskjellsbehandling på fotballbana, korkje då ho brukte alle friminutta i ballbingen på Holvik barneskule eller seinare.

Ylinn har tidlegare spelt på Tornado Måløy sitt gutelag, og meiner det har vore viktig for utviklinga ho har hatt.

– Med gutane går det mykje fortare og dei er betre teknisk. Det er eigentleg stor forskjell. Så om du skal satse så bør du ha spelt litt med gutane. Det er i alle fall mi meining. Utan det hadde eg aldri vore der eg er no, fortel Tennebø.

Sjølv om ho har utmerka seg på bana i lang tid har det ikkje alltid vore eit mål for Ylinn å bli best.

– Eg er litt usikker på kva som fekk meg til å byrje med å spele fotball eigentleg. Eg var ikkje kjempe-ivrig i starten, men så kom det berre litt av seg sjølv. Og så er faren min ganske interessert i fotball, ler ho. Tennebø likar seg godt i Sogndal der ho bur på hybel med ei lagvenninne.

– Veka består av skule, trening og eting eigentleg. Det blir ikkje tid til så mykje anna. Eg er på skulen, og så reiser eg til Kaupanger på ettermiddagane på trening. Miljøet på laget er veldig bra. Det er ein kjempegjeng, fortel ho.

– No leiar vi divisjonen og går for opprykk. Det hadde vore utruleg kjekt, smiler Ylinn.

Sjølv om laget tapte 0-2 for Fana laurdag ser det lyst ut for Vågsøy-jenta og lagvenninene i Kaupanger.