– Slik samfunnet vårt utviklar seg i våre dagar er dessverre sjølvforsvar, spesielt for jenter, blitt ein viktig faktor. Det har med korleis du ber deg sjølv, det går på haldningar. Det er ikkje om å gjere å slå og opne først. Den enklaste forma for sjølvforsvar er dialog og å kome seg unna. Om ikkje det nyttar, har du som utøvar av Taekwon-Do måtar å forsvare deg på. Det er viktig ikkje minst for sjølvtilliten, seier Berget.

Les meir om «Likestilt» her.

Det er ei lett blanding av jenter og gutar i gymsalen på Åheim skule kvelden vi er på besøk. Dei kring 20 utøvarane slår ut i lufta eller på ei sparringpute kalla «target». Dei bevegar seg rytmisk medan dei simulerer slag og spark mot ein tenkt motstandar. Alt skjer i systematiske former der disiplin og respekt ligg i botnen.

Denne kampsporten har sin bakgrunn i koreansk forsvar, difor den noko militære regien. Grunnverdiane er høflegheit, ærlegdom, sjølvkontroll, å vere iherdig og ukueleg ånd.

Utøvarane står på rekkjer og helsar på instruktøren før treninga kan byrje.

Totalt er om lag 40 born og unge frå 6 til 19 år med i klubben Wenche Berget grunnla i 2009.

– Eg var usikker på om det kom nokon då vi starta opp. Men vi vart raskt 25–30 stykke. Og sidan auka det til 40, der vi har stabilisert oss over tid. Vi har aldri marknadsført aktiviteten spesielt. Det går mykje på anbefalingar frå dei som er med til andre. Hovudvekta av dei aktive er frå Åheim, i tillegg er her deltakarar frå Stadlandet, Fiskå og Syvde.

– Om lag 70 prosent er jenter, det har alltid vore overvekt av jenter. Kanskje har det samanheng med at eg som instruktør er kvinne? Men Taekwon-Do er også ein sport som passar godt for jenter fordi dei ofte er meir fleksible, meir tøyelege. Dermed klarer dei å sparke høgare.

Wenche seier at det dei siste åra også er byrja bli fleire kvinnelege instruktørar, som ho sjølv.

– Tidlegare var det mannsdominert. Men no har det skjedd ei endring, vi er blitt mange fleire kvinnelege instruktørar.

– Det var i hovudsak i Tromsø eg byrja gradere meg og etter kvart vart instruktør. Mannen min er frå Åheim, og vi bestemte oss for å flytte hit. Det var eit verdival, blant anna med tanke på oppvekstvilkår for dei tre borna våre. Eg fann ut at eg ville prøve å etablere eit miljø for Taekwon-Do her. Ein kan seie at dette er mitt bidrag til å skape aktivitet og trivsel i lokalmiljøet, seier ho.

– Det var overraskande og sjølvsagt veldig gledeleg. Det som betyr mest for meg, er å vite at nokon har nominert meg. Då har eg gleda nokon med det eg har gjort.

I løpet av dei siste åra har utøvarar frå klubben vunne både gull-, sølv- og bronsemedaljar i fylkesmeisterskapen for Møre og Romsdal.

Gradering er også noko som er viktig i denne sporten. Systemet er lagt opp slik at du alltid har noko å strekkje deg etter opp over i alder. Sjølv har Wenche svart belte med graden 1. Dan-2.