– Vi som arrangørar gler oss kvart år. Vi har vore heldige og har klart å vidareføre arrangementet over generasjonar. Det er ein festdag, seier medarrangør Jon Sivert Thue i Åheim IL.

I fjor stilte 140 deltakarar på startstreken, og deltakarrekorden er 243, som dei hadde det året løpet fylte 50 år.

– Påmeldingsfristen er ikkje ute enno, så vi har ikkje oversikt over kor mange som stiller til start i år. Men det vi veit er at det er ein som kan ta vandrepokalen om han stiller til start. Han har to sigrar frå før, så det blir spennande å sjå om han tar den tredje, seier Thue.

Han fortel vidare at ein har om lag 50 frivillige i sving under 1. mai-løpet.

– Mange har vore med i veldig mange år, og alle gjer ein fantastisk innsats. Vi hadde aldri kunne arrangert dette løpet utan funksjonærane.

Løpet startar med dei eldste aldersklassene og så går det vidare heilt ned til den yngste klassa som er 5–8 år. Arrangementet blir avslutta i Olivinhallen der det blir premieutdeling.