TMFK tok imot Årdal i sesongens første heimekamp. Det var eit energisk og offensivt heimelag som hadde fleire store sjansar i løpet av den første omgangen.

Den første moglegheita kom allereie etter fire minutt, men headinga frå Henrik Myhre vart slått til corner. Heimelaget kom til fleire gode sjansar etter godt spel frå blant anna Stefan Misic på venstrekanten.

Etter 39 minutt fekk TMFK løn for strevet. Målet kom etter eit innlegg frå Misic, som hamna hos Myhre. Årdal-keeperen redda, men returen fall ned rett framfor tidlegare nemnte Misic som sat ballen i mål.

TMFK gjekk til pause med ei fortent leiing.

Første del av andre omgang vart prega av mykje spel på midten. Men då gjestane først fekk sjansen utnytta dei moglegheita. Utlikninga kom etter 72 minutt.

Både heimelaget og gjestane pressa på for å vinne kampen, men det var gjestane som lukkast, og TMFK måtte sjå sogningane reise heim med alle tre poenga i bagasjen.

Det har blitt spelt to andre kampar i Kretsligaen laurdag ettermiddag. I Svelgen tok Bremanger imot Vik. Raudtrøyene fekk med seg eitt poeng frå oppgjeret som enda 1-1 som også var stillinga til pause.

Eidarane reiste i dag til Sogndal der dei spelte mot Studentspretten. Heimelaget vann kampen 3-1. Stillinga ved pause var 1-1.

Skavøypoll møter Flora2 i Florø måndag.

I kvinnene sin 3. divisjon tapte Tornado Måløy 0-6 borte mot Sogndal fredag kveld.