– Eg syns det er fantastisk kjekt å spele for Bremanger. Tore (Førde Rylandsholm) har vore i meg i to år, og no hadde eg endeleg moglegheita til å seie ja, fortel Midthjell.

Og spissen har levd opp til forventningane i den nye klubben. I kampen mot Årdal førre helg og i kampen mot Vik laurdag scora 30-åringen.

– Mine eigne målsetningar handlar om å bidra, samt å hjelpe Bremanger til å kome enda lenger opp på tabellen enn kva dei var i fjor (10. plass, journ. anm.). Føresetnaden er der, og så får vi håpe vi held mål, fortel Midthjell.

– Det er veldig mykje potensiale i laget, og så handlar det om å få det ut i kamp. Vi har fellestreningar med Svelgen, og eigne treningar. Det er jo nokre av spelarane som ikkje er i Bremanger til dagen, men samansett så er vi eit veldig bra lag med mange ulike kvalitetar. I tillegg har mange av spelarane spelt i lag i fleire år, og kjenner kvarandre godt. Det hjelper på, understrekar Midthjell.

Utnytta ikkje sjansane sine

I laurdagens kamp var det gjestane frå Vik som først sette press på bremangarane. Vik hadde ballen mest, og noterte seg også for den første scoringa i kampen. Jarle Christensen heada ballen i mål etter ein corner i det 14. speleminuttet.

– Det var eigentleg dårleg markering frå vår side som gjorde at dei scora på den moglegheita. Men etter dette begynte vi å ete oss meir inn i kampen, forklarar Midthjell.

Bremangarane tok over initiativet og skapte nokre sjansar i dei etterfølgande minutta.

Presset sørga etter kvart for at Bremanger fekk straffespark etter at Martin Klakegg Hauge vart lagt i bakken i feltet. Midthjell sat straffa sikkert i mål.

– Etter utlikninga fekk vi meir tru på at vi kunne vinne, og vi styrte eigentleg resten av kampen. Vi hadde fleire målsjansar, og ein stor ein der vi hadde ein spelar aleine med keeper, men vi hadde rett og slett ikkje heilt dagen framfor mål, forklarar Midthjell.

Etter planen var dette raudtrøyene sin siste kamp i industribygda denne sesongen.

– Eg håpar og trur kampane i Svelgen er unnagjort. Eg likar og spele fotball på gras.

Møter gamle lagkameratar

Neste kamp for raudtrøyene er borte mot Eid. Den ferske Bremanger-spelaren ser fram til oppgjeret mot gamle lagkameratar, og håpar å vere speleklar.

– Eg har spelt fire kampar for Bremanger og Svelgen på to veker, så no skal eg ta det litt med ro fram til kampen mot Eid. Eg har fått meg ein liten kilevink i kneet, men håpar å vere klar, seier Midthjell.

Sist ålfotaren var kledd i gult var i for tre år sidan, i 2015.

– Det blir veldig artig, og kampen er noko eg ser fram til. Eg har spelt på Eid i mange år, og har spelt omtrent med alle som spelar der i dag. Om ein ser på sesongen så langt, så trur eg det er ein veldig open kamp, seier Anders Midthjell.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Bremanger–Vik 1–1 (1–1)

Mål: 0–1 (14) Jarle Christensen, 1–1 (36, str.) Anders Midthjell

Dommar: Vegard Yndestad, Eikefjord

Gult kort: Simen Svarstad og Martin Senneset, begge Bremanger

Bremanger: K. Fosse Elde, V. Senneset, M. Svarstad, H. Mjølkeråen, M. Senneset, S. Svarstad, H. Rosø, E. Rylandsholm, T. Rylandsholm, M. Klakegg Hauge, A. Midthjell

Innbytarar: Ø. V. Helle, M. Solo