40 sekund etter at dommaren hadde blåst i gang kampen vart TMFK-spelar Felicia Nalbant Nordpoll takla. Ho vart henta med ambulanse og køyrt til Lærdal sjukehus. Der det var konstatert eit brot i ankelen. Men dramatikken slutta ikkje der. Etter kampslutt vart nok ein TMFK-spelarar henta med ambulanse. Årsaka var eit astmaanfall.

– Fotballen vart ganske uviktig. Det gjorde noko med meg som trenar og med spelarane å sjå at det kom ein ambulanse inn på løpebana heilt i starten av kampen. Dette prega nok kampen, fortel trenar Per-Magne Løken, og fortset:

– Slike episodar viser kva som bur i folk med tanke på omsorg og omtanke, og den prøva bestod jentene med glans. På ein rar måte kan dette kanskje styrke oss. Fotball er eit lagspel der ein er avhengige av kvarandre, og ein står veldig tett. Det er opprivande å oppleve slike ting, men vi står i lag om det.

– Dette var ein kamp der vi av ulike årsaker berre hadde to innbytarar. Så vi hadde berre ein innbytarar å rullere på, og då vart det vanskeleg. Dei var betre enn oss, men kanskje ikkje seks mål betre. Det er vanskeleg å ta med seg noko frå denne kampen. Den vart prega av omkringliggande ting, slår Per-Magne Løken fast.

KAMPFAKTA

3. divisjon, kvinner

Sogndal–Tornado Måløy 6–0 (3–0)

Mål: 1–0 (10) Andrea M. Sandor, 2–0 (30) Trude Kveane, 3–0 (45) T. Kveane, 4–0 (51) Elin M. Stensrud, 5–0 (77) Synne S. Nornes, 6–0 (80) Amalie Xu

Dommar: Marianne Aakre Laugerud, Førde

Gult kort: ingen

Tornado Måløy: A. Vinge, E. Lefdal, A. K. Røsok Kvalheim, I. Apneseth, F. Nalbant Nordpoll, E. Volle, R. T. Blaalid, S. Refvik, I. N. Røed, B, Lillestøl, K.-M. Nykrem Hoddevik

Innbytarar: Rikke J. Kalvø, L. Silden