– Vi har veldig mange heimekampar i vårsesongen. Her er målet å ta flest mogleg poeng, slik at hausten ikkje skal blir så tung. Det er ingen hemmelegheit at vi er sterkast heime, seier Ole Andreas Solheim.

I løpet av vårsesongen har Selje seks heimekampar, og fire bortekampar. Så langt har seljeværingane vunne begge sine heimekampar, og tapt borte mot Høyang.

– Flyten er ganske god. Vi har ein målforskjell på 8–1 heime, så det må vi seie oss nøgde med, slår Solheim fast.

Det var Selje som kom best i gang i kampen mot Førde2. Ifølge «Oen» var dei det dominerande laget.

– Vi var klart best heile kampen, men vi var nok spesielt gode fram til dei siste ti i første omgang. Då hadde vi dei fullstendig, forklarar Solheim.

Seljetroppen i kampen mot Førde2 talde 18 mann.

– Vi bytta veldig mykje, og alle fekk spele. Det er veldig sjeldan at vi kan ha så stor tropp, så det var kjekt, seier Solheim.

Neste kamp for seljeværingane er heime mot Sandane.

– Eg tippar det blir den tøffaste heimekampen vår. Det blir spennande å sjå korleis vi ligg an mot dei, slår Solheim fast.

KAMPFAKTA

5. divisjon, menn

Selje – Førde2 3–1 (3–0)

Mål: 1–0 (15 str.) Jonas Beitveit, 2–0 (16) Ole Andreas Solheim, 3–0 (29) Mikal Osmundsvåg, 3–1 (78 str.) Ole Petter Hjelle Larsen

Dommar: Elias Åsebø, Haugen

Gult kort: Jonas Beitveit og Johannes Osmundsvåg, begge Selje, samt to til Førde2

Selje: T. Lesto Larsen, H. Skorge Stranden, J. A. Gulbrandsen, J. Osmundsvåg, J.-K. Apelseth, M. Lesto Larsen, M. Osmundsvåg, J. Beitveit, K. Haugen, I. da Silva, O. A. Solheim

Innbytarar: K. Rye, K. Pedersen, E. Hoddevik, A. Hoddevik, M. Rye, A. Kvernevik, K. Hamre