– Vi veit at vi er eit av dei beste laga, som skal kjempe i toppen. Per no ligg vi fem poeng bak Fjøra. Men vi hadde ein dårlegare start på sesongen for to år sidan. Alt kan skje i denne ligaen, slår Lefdal fast.

Saman med broren Simen og jevngamle Vebjørn Høynes er Kristian Lefdal ein av nøkkelspelarane på eit Eid-lag som er forventa å være eit av laga som kan gi Fjøra kamp til døra om opprykket.

– Eg føler vi har utvikla oss veldig bra. Kvar enkelt spelar har forsterka seg og vi står sterkare. Ut frå preseason kan vi slå fast at vi er godt trent og klare, seier Eid-spissen.

Men etter to spelte kampar i Kretsligaen står gultrøyene med kun eitt poeng, medan Fjøra står med full pott etter to serierunder. Eidarane sitt første poeng kom etter ein god prestasjon mot Florø2 på Nordfjordeid i førre veke.

– Vi har hatt det same laget i nokre år no. Eg føler sjølv vi er betre enn på lenge. Vi gjorde ein god kamp mot Flora2, men mot Studentspretten fekk vi ikkje vist kva vi er gode for.

Prøvde formasjonsbytte

Laurdag ettermiddag vart oppgjeret mellom eidarane og sogningane sparka i gang på Sogndal stadion. Det var gultrøyene som kom best i gang, og Lefdal sørga for at eidarane gjekk opp i leiinga etter det han omtalar som ein enkel volley.

– Vi hadde sjansane i første del av omgangen. Målet kom etter at Vebjørn (Høynes) la inn frå høgrekant og eg sette ein enkel volley, smiler han.

– Eg er tidlegare i gang med målscoringa i år enn eg var i fjor, så det lovar godt, seier Lefdal, som scora 16 mål i Kretsligaen i fjor.

Scoringa kom i det 26. speleminuttet, og ti minutt seinare utlikna Studentspretten på ei straffe, som Lefdal meiner sogningane fekk enkelt. Dette gjorde at laga gjekk til pause på stillinga 1–1. Eidarane starta kampen i 3-5-2-formasjon, men etter pause la dei om til 4-3-3.

– 3-5-2 har funka bra så langt i sesongen. Men i kampen mot Studentspretten fekk vi ikkje til spelet vårt. Etter at vi la om fekk vi i gang litt meir spel, men det hjelpte ikkje, forklarar Lefdal.

For det var heimelaget som fekk den første scoringa etter kvilen, noko som førte til at eidarane stressa i jakta på poeng.

– Vi begynte å slå lenger, men vi vann jo ingen duellar. Det var ikkje noko som stemte.

– Vi er sterke heime

Neste sjanse for eidarane til å ta opp jakta på Fjøra, er lørdag. Då tar gultrøyene imot Bremanger på Nordfjordeid.

– Vi må løfte oss. Vi veit vi er sterke heime og vi går for tre poeng, seier Lefdal.

I fjor spelte naboane uavgjort 2–2 i oppgjeret på Nordfjordeid.

– Det er alltid artig å møte Bremanger. Vi vann jo ikkje heime i fjor, så det må vi gjere noko med. Men det blir nok tøft, fortel Kristian Lefdal.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Studentspretten-Eid 3–1 (1–1)

Mål: 0–1 (26) Kristian Lefdal, 1–1 (36 str.) Arne Martin Fossland, 2–1 (60) Kristian Ask, 3–1 (77) Nikolai Bråta Strømstad

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger

Gult kort: Marius Endestad Henriksen, Eid, samt tre til Studentspretten

Eid: S. Torheim Frislid, A. Rindal, A. Hagen Henden, H. Haugen, M. Henriksen, D. Haus, S. Lefdal, V. Høynes, E. Rosø, J. Vedvik, K. Lefdal

Innbytarar: D. Myklebust, E. W. Leite