– Vi har ikkje sett oss eit resultatmål, men eg er heilt sikker på at vi vil vere eit betre lag på slutten av sesongen. Vi har mange unge spelarar som lærer nye ting på kvar trening og i kvar kamp, seier trenar Andal, som leia TMFK i årets første heimekamp på Måløy stadion laurdag.

– Eg har ikkje vore med så lenge, men vi har bestemt oss for at vi skal satse på dei spelarane som er her, og tørre å la dei unge få sjansen. Ut frå det eg har sett skal vi kunne spele jamt og ha moglegheita til å slå dei fleste i serien. Det handlar om å få det ut i kamp, seier Andal.

Kristian Andal leia for første gong TMFK i heimekampen mot Årdal laurdag. Han har god tru på spelarane sine. – Ut får det eg har sett skal vi kunne spele jamt og ha moglegheita til å slå dei fleste i serien. Det handlar om å få det ut i kamp, seier han.

Fleire av TMFK-spelarane har vore ute med skader. Trenaren gler seg over at fleire av desse snart kan vere kampklare.

– Vi har hatt veldig mykje skader i vinter. Det har vore eit stort minus for oss, med tanke på at det har vore få på trening. Dette har blitt betre den siste månaden. Forhåpentlegvis kan Benjamin (Frantzen) kanskje vere klar til neste kamp. Chris-Andre (Nore) har vore langtidsskada, men han har begynt å spele litt med ball igjen for første gang på lang tid. Thomas (Bakke) har også begynt å spele litt fotball igjen.

Trur spelarane kjente på nervane

Det var gjestane frå Årdal som kom best i gang på Måløy stadion laurdag ettermiddag.

– Det var tydeleg at Årdal ville presse høgt. Det første kvarteret var vi tatt litt på senga, men eg syns spelarane jobba seg fint inn i kampen, då dei fekk senka skuldrene. Det var sikkert litt nervar med tanke på at det var første heimekampen og mykje publikum på tribunen, seier trenar Andal.

Etter kvart fekk dei blåkledde spelet til å flyte, og etter fleire gode angrep på venstrekanten fekk heimelaget utteljing. Stefan Misic la inn i feltet til Henrik Myhre. Forsøket var redda, men returen hamna i beina på Misic, som sat ballen i mål. Vertane gjekk dermed til pause i føringa.

– Potensialet er veldig stort

Dei 10–15 første minutta av andre omgang fortsette TMFK presset, og lagde nokre sjansar.

– Så snudde det. Eg er litt usikker på kvifor, men eg trur kanskje vi blei litt slitne. Kanskje eg burde ha vore litt meir kynisk i siste delen av kampen. Nokre har vore sjuke og nokre kjem frå skade, og det ser ikkje ut til at vi har heilt kapasitet til å springe i 90 minutt, forklarar trenaren.

– Det såg vi også førre helg. Då vi fekk det første målet i mot, vart kvaliteten dårlegare. Vi må jobbe med å tole at motstandaren scorar. Mot slutten skapte vi press og eit par sjansar. Men vi må score på sjansane våre.

Årdal fekk nok ei nettkjenning i sluttminutta og TMFK står med null poeng etter to spelte kampar i Kretsligaen.

– Vi har eit veldig ungt lag, så det er heilt naturleg at vi får store svingingar frå det veldig bra til det mindre bra. Men vi må luke det vekk om vi skal vinne kampar. Potensialet er veldig stort, men vi må få det ut i kamp. Vi må sjå framover og fokusere på kva vi kan utvikle. Vi ser ikkje svart på det om vi har tapt to kampar på rad, .

Neste moglegheit til å ta poeng kjem i Vik laurdag.

– Vik har alltid god innsats. Vi må nok opp eit par hakk frå denne kampen. I treningsveka som kjem må vi fokusere på intensitet og duellkraft. Det blir nøkkelorda, avsluttar Andal.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Tornado Måløy – Årdal 1–2 (1–0)

Mål: 1–0 (39) Stefan Misic, 1–1 (72) Joachim Furset, 1–2 (86) Johnny A. Hagen Dommar: Markus B. Nybø, Eid Gult kort: Jonas Våge, Tornado Måløy, samt to til Årdal

TMFK: B. Torheim Andal, Christ. Nore, S. Frantzen, M. Stavenæs Refvik, F. Mortensen, T.-Aa. Pleym Evensen, S.-A. Volle, S. Misic, S. Myre Silden, H. Myhre, R. Gotteberg

Innbytarar: J. Våge, S. Nordbø Eide