Eidaren som til dagleg spelar for Hødd i 2. divisjon arrangerte Elitedagen for første gong i påska. Då vart arrangementet fullbooka med deltakarar frå Eid, Stad, Selje, Måløy og Volda allereie første døgnet etter at påmeldinga opna.

– Den store interessa og dei positive tilbakemeldingane frå deltakarane, instruktørane og foreldra gjer at det er veldig  inspirerande og kjekt å arrangere ny Elitedag. Det er også stor stas å arrangere Elitedagen på Stad. Der har eg famile. Det er flott anlegg og ikkje minst mange kjekke menneske, seier arrangør Marius Hagen i ei pressemelding.

Marius Hagen meiner han nok en gong har fått på plass eit imponerande draumelag med instruktørar.

– Eg gleder meg til å ta med instruktørgjengen til ny Elitedag på Stad. Nokre av instruktørane var med sist gong og nokre er nye. Det har vore utruleg kjekt å planlegge ny Elitedag, spesielt når instruktørar seier dei vil vere med på ny samling – allereie før dato var spikra, seier arrangøren.

Dette skriv arrangøren om instruktørane:

• Magne Elde – trener til dagleg Fortuna damer, mykje erfaring frå kretsen etc.

• Jon Georg Rutledal, trenar for Tornado Måløy FK G15-17, tidlegare trenar og spelar i Tornado FK, instruktør på fotballkrinsen sine trenarkurs, styremedlem i NFFF Sogn og Fjordane, spelarutviklar og krinslagstrenar

• Dagmund Evebø – tidlegare toppspelarutviklar i ÅFK, no trenar for Volda sitt A-lag

• Rafa Roldan Bermudez – frå Spania, fysisk trenar for Hødd sitt A-lag

• Tom Malins frå England, spelarutviklar i Hødd, tidlegare profesjonell fotballspelar i England, ansvarleg for G16 Hødd og Team Søre

• Dan Jøran Hafsås - trenar Eid a-lag herrar, masterutdanna idrett

• Ole Monrad Aalme, keeper Hødd

I tillegg skriv arrangøren at det kan dukke opp overraskingar på «trenarbenken».

– Det er allereie stor interesse for Elitedagen på Stad og slik det ser ut no ligg det an til at det blir fullt, seier arrangør Marius Hagen, som fortel om eit godt samarbeid med Stadlandet Idrettslag.

– Eg lovar ein uforgløymeleg og kjekk fotballdag på idylliske Stadlandet 24. juni, avsluttar eidaren.